SEKSTI | FØREBELS PROGRAM

FREDAG 23. AUGUST KL. 20: MIDDAG PÅ LE PROVENCAL

 

Velkomen til Berlin og til turens einaste arrangement med møteplikt!

19.40 blir det Det blir felles avmarsj frå hotellet (Sofitel) til restaurant Le Provencal som ligg i i Nicolaiviertel. Målt på kartet er dette 1,2 km, så spaserturen tek ca. 15 minuttar. Adressa er Spreeufer 3, om nokon vil ta seg fram på annan måte. Restauranten ligg ved elva Spree.

Jubilanten satsar på ein uformell kveld med laus jakke (og bukse?). Damene kan kle seg i samsvar med det.

 

Torsdag 22. august

Folk kjem til byen til ulike tider så Sekstiåringen har ikkje planlagt noko program for dagen. 

Vi bur i bydelen Mitte, ein av Berlins tolv bydelar som alle har sine særtrekk. I Mitte finn vi dei mest kjende bygningane, musea, plassane m.m., men på kveldstd er her kanskje ikkje det mest yrande folkelivet. Sjølv om her er nok av uteplassar, både med og utan Michelin-stjerner, kjem Sekstiåringen til å rusla ein kveldstur til Scheunenviertel for å få seg noko i magen. Han set pris på om fleire blir med på denne "forfriskande" kveldsturen.

Kanskje nokon har lyst å avslutta dagen med ein svingom? På Clärchens Ballhaus (etablert 1913) er det dans sju kveldar i veka. Her er lite endra sidan DDR-tida (sjå foto over).

Fredag 23. august kl. 8–10: Frukost

I staden for svært dyr hotellfrukost, har vi reservert plass (berre på fredag) på restauranten Amici som ligg i nabolaget. Om veret er fint, kan vi sitja ute. Menyen deira:

GROßES FRÜHSTÜCK   €  9,50

Frühstücksplatte mit Salami, Schinken, Käse, gekochtem Ei, eine Marmelade nach Wahl oder Honig dazu servieren wir 1 Tasse Kaffee und 1 Brotkorb mit 2 Brötchen und 1 Croissant.

KLEINES FRÜHSTÜCK   €  6,50             

Brotkorb mit  Croissant und Brötchen, 1 Marmelade nach Wahl oder Honig, Butter dazu servieren wir 1 Tasse Kaffee 

RÜHREIER / SPIEGELEIER     5,50

mit Schinken oder mit Tomate und Basilikum  

SALAMI UND SCHINKEN VARIATIONEN      8,50

KÄSE VARIATIONEN   €  7,00 

MÜSLI   €  4,80

Gemischtes Müsli mit Naturjoghurt und  Obst

FRISCHER OBSTSALAT       4,00

Fredag 23. august kl. 10.30: Byvandring

Dei som ønskjer det kan bli med på ei byvandring i Mitte. Vi skal ikkje lulla oss for mykje inn i fakta, berre spasera forbi kjende plassar og minnesmerke som dei som evt. ønsker det kan oppsøka på eiga hand etterpå. Vi passerer  Checkpoint Charlie, Topographie des Terrors, Holocaust-monumentet, Brandenburger Tor og Unter den Linden. Vandringa kulminerer i at Sekstiåringen inviterer alle med på ein times gaida båttur på elva Spree.

Gendarmenmarkt i romantisk stil blir rekna for å vera ein av dei flottaste plassane i Berlin. Til venstre ligg Deutcher Dom (1708), i midten Konzerthaus Berlin (1821) og til høgre Französischer Dom (1701).  Sofitel, der dei fleste av oss bur, ligg rett bak Französischer Dom.

Vi marsjerer sørover Friedrichstraße mot Checkpoint Charlie og Mauermuseum. Friedrichstraße er den fasjonable handlegata i Berlin med m.a. varehusa Galeries Lafayette og Quartiers 205/206. Galeries Lafayette og hotellet vårt ligg rygg mot rygg og utgjer eit kvartal.

Så tek vi vestover mot Topographie des Terrors. Om du begynner å bli sliten, kan du leiga ein Trabant. Det kostar 89 euro per person for ein to-timars tur. Du blir gaida gjennom byen via radio.

... eller du kan nyta utsikta frå ein ballong. Ballongen stig berre 150 meter opp og er heile tida forankra til bakken.

Topographie des Terrors (Terrorens topografi) ligg som eit ope sår der hovudkvarteret til SS og Gestapo var frå 1933 til 1945. Heinrich Himmler hadde kontoret sitt her. Her er ei utandørsutstilling langs Niederkirchenerstraße i det som var Gestapo sine fengselceller, samt eit bygg med utstillingar og dokumentasjonssentrum.

På den andre sida av Niederkirchenerstraße (bygget oppe til høgre) heldt Reichluftfahrtsministerium med Hermann Göring til. No har finansministeriet kontor her. Med over 2000 rom er dette Europas største kontorbygg.

Etter så mykje historie treng vi ein pust i bakken. Vi går til Potsdamer Platz og tek ein rast inne i Sony-senteret.

Plassen var til 1940 ein av dei mest livfulle i Europa. Under krigen blei den bomba til ruinar. Den hamna seinare i ingenmannsland mellom Aust- og Vest-Berlin og blei frå 1961 delt av Berlinmuren. 21. juli 1990, kort etter Murens fall, blei Roger Waters konsert "The Wall Live in Berlin" oppførd på plassen, noko som vart rekna som verdshistorias største rockekonsert.

På 1990-tallet var dette den største byggeplaßen i Europa, og den er i dag prega av høghus i glas, stål og betong.

Vi går så innom (ta ein tur inn melleom steinblokkene) Holocaust-monumentet, eit minnesmerke over jødane som miste livet under Det tredje riket.

Så går turen vidare til vestsida av Brandenburger Tor. Rett framfor oss ser vi Riksdagsbygningen.

Til venstre (mot vest) ser vi Tiergarten med den mektige Straße des 17 Juni som er over 3,5 km lang. Midt på den skimtar vi Sigerssøyla. Hitler ville gjera dette til paradegata i Verdshovudstaden Germania.

Så har vi gått gjennom Brandenburger Tor til det som var Aust-Berlin. Vi ser her over mot vest.

På austsida av Brandenburger Tor er vi på Pariser Platz, m.a. med det kjende Hotel Adlon

...og gata heiter Unter den Linden ...

Willy Brandt har fått sitt "museum" på Unter den Linden.

Vi tek til venstre (nordover) når vi kjem til Friedrichstraße og passerer m.a. Kulturkafhaus, eit kjøpesenter for bøker, film, notar, plater m.m.

Så kjem vi til elva Spree og avgangsplassen for båtturen vår.

FRAMLEGG TIL FRIE AKTIVITETAR:

TV-tårnet: Bygt mellom 1965 og 1969 i Aust-Berlin som prestisjeprosjekt for kommunistregimet. 368 meter med ein roterande restaurant ca. 210 meter over bakken. Rundetid i dag: 20 minuttar. (Opphavleg ein time.) Det kostar 10 euro å koma opp, og du må rekna med litt ventetid.

Sykkeltur: Leig ein sykkel for 10-12 euro i døgnet. Ein fin måte å ta seg rundt i byen på.

Museum: Museumsinsel (museumsøya) er verdas største museumskompleks og står på UNESCOs liste over verdas kulturarv.   Der er Pergamonmuseet, Altes Museum, Neues Museum, Alte Nationalgalerie og Bodemuseum. I nærleiken ligg og Berliner Dom og DDR-museum. Alt dette sju minuttars spasertur frå hotellet.

Galleri: Her er det mykje å velja mellom. Ei av dei store utstillingane i Berlin for tida er av den indiske kunstnaren Anish Kapoor: Han stiller ut i Martin-Gropius-Bau som ligg like ved Topographie des Terrors.

Handling:

Friedrichstraße, paralellgata til hotellet vårt, er den fasjonable handlegata i Berlin med m.a. varehusa Galeries Lafayette og Quartiers 205/206.

Kurfürstendamm med sidegater har mange butikkar. Dette var sentrum av Vest-Berlin, og området minner også i dag meir om andre travle storbyar enn det resten av Berlin gjer. KaDeWe som var Europas største varehus, ligg i dette området.

Alexanderplatz. Her ligg det to store kjøpesenter.

Hackesche Markt. I smågatene rundt dette området er mange designer- og småbutikkar som sel varer du ikkje finn i dei store kjedene. Foto frå Hackesche Höfe over.

Kneiper: Servitørane står alt klare og ventar på oss!

Trabanttur: Turar har utgangspunkt nær Topographie des Terrors. De køyrer sjølve ei rute etter gaiding over radio. Ruta "Wild East" kostar 34,00 euro/person med 4 pers. i bilen 39,00 euro/person med 3 pers. i bilen 44,00  euro/person med 2 pers. i bilen 60,00 euro med 1 pers. i bilen

Etterkrigshistorie:

Berliner Unterwelten tilbyr ekskursjonar til austlege og vestlege militære underjordiske frå den kalde krigen. Gir eit skremmande bilete på kor aktuell ein tredje verdskrig var i politisk tankegang. Aktuelle turar med engelsk gaiding laurdag kl. 11 eller 13.30 må bestillast.  Sjå meir på  http://berliner-unterwelten.de/tour-3.15.0.html

Stasi-museet. Enkelte meiner 1 av 7 borgarar i DDR var tilsette eller jobba som informantar for Stasi i 1989. Museet i dei enorme kontorkvartala deira viser m.a. utstyr dei brukte i overvakinga, sjå kamera skjult bak jakkeknapp over. Sjå og  http://www.stasimuseum.de